Hopp til innhold
X
Innhald

Per Kjelstad

Per Kjelstad fødd 1942 frå Kjelstad. Bonde, skogeigar og politikar.

Per Kjelstad fødd 1942 frå Kjelstad. Bonde, skogeigar og politikar.

Etter fleire år i kommunestyret frå 1971, vart Per Kjelstad valt som ordførar frå Senterpartiet 1980-1987. Etter indre strid i Senterpartiet, stilte Kjelstad på ei Samlingsliste ved valet 1995 og vart valt til ordførar på nytt. Han har elles vore leiar i helse- og sosialstyret 1991-1995.

Var første leiar i Informasjonskomiteen for Gaularvassdraget, men vart skifta ut då det viste seg at han ville ha moderat utbygging av vassdraget. Stod sentralt ved skipinga av Sunnfjord Sag AS i 1975 og var styreleiar fram til 1988.

Leia interimsstyret ved skipinga av Sogn og Fjordane Skogeigarlag 1973. Har elles hatt ei rekkje tillitsverv innan skogbruket, m.a leiar i Sogn og Fjordane Skogselskap 1984-1994, styremedlem i det Norske Skogselskap i seks år, og styremedlem i Norges Skogeierforbund.

Tildelt Norges Skogeierforbund sitt Gullmerke 2005 og Kongens fortenestemedalje i sølv i 2012.

Bror til Harald Kjelstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.12.2012