Hopp til innhold
X
Innhald

Planar for Ålfoten, Gaula og Lærdal

Fossfossen i Gaularvassdraget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fossfossen i Gaularvassdraget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fylket og kommunane la storfelte planar for elektrifisering av bygdene, men nedgangstidene på 1920-talet gjorde at korkje Gaular- eller Lærdal-prosjekta vart noko av. Ålfotselskapet bygde på kort tid ut eit dyrt linjenett som strekte seg heilt sørover til Stongfjorden. Linjenettet stod klart, men straumen vanta. Skriket etter straum frå dei aktive fiskerihamnene i Måløy og Florø var stort. I staden for å byggje eigen kraftstasjon i Ålfoten, fann difor selskapet på å teikne avtalar om kraftkjøp frå eit nytt kraftverk i Svelgen. I Svelgen var det nemleg bygt ein stor kraftstasjon som skulle forsyne eit planlagt smelteverk i bygda. Men dei drevne forretningsmennene som stod bak Svelgen-planane , torde ikkje byggje ut smelteverket slik som dei internasjonale økonomiske utsiktene teikna seg etter verdskrigen.

Ålfotselskapet havarerte

Dei lokale eigarane av Ålfotselskapet levde framleis i trua på at oppgangen ville vare ved. Difor leigde dei dyr kraft frå Svelgen som dei fekk problem med å få seld. Ålfotselskapet tok opp lån på lån for å halde seg flytande, men havarerte til slutt i ein botnlaus gjeld. Dette skremde alle som var knytte til Gaulasamskipnaden, og alle planar om utbygging av Gaula vart lagde bort. Men hadde ikkje gjeldsproblema kring Ålfoten dukka opp før ein gjekk i gang med Gaular, kunne problema vorte minst like store der; for også her fekk Gaulasamskipnaden tilbod om å leige kraft. Tilbodet kom frå Høyanger.

NACO ville selje straum

I Høyanger starta produksjonen i det nye aluminiumsverket til Norsk Aluminium Company – NACO - i 1919. Men like etter fall prisane, og NACO var nær ved konkurs. Låg produksjon gjorde at det var store mengder overskotskraft å få kjøpt frå Høyanger. Høyangfallene, som hadde bygd ut kraftstasjonane der, kom difor med tilbod til Gaulasamskipnaden om at dei kunne få kjøpe kraft frå Høyanger i staden for å byggje ut sjølve. I forhandlingane som fylgde, prøvde NACO å få i stand ein leigeavtale for kraft frå Høyanger etter modell av den avtalen som Ålfotselskapet hadde gjort med kraftverket i Svelgen: NACO kravde å få leige ut minst 10.000 Hk. for ei fast årleg leige på minst 420.000 kroner i 10 år. Gaulasamskipnaden skulle sjølv syte for bygging av leidningsnett for 10 millionar kroner.

Hadde lært av Ålfotskandalen

Hadde eigarane av Gaulasamskipnaden akseptert dette tilbodet, ville både fastpris og investeringar blitt langt høgre enn i Ålfot-prosjektet. Men no hadde lokalpolitikarane sanka bitre røynsler etter Ålfotskandalen. Dei avslo difor tilbodet frå NACO. Dei torde nok heller ikkje anna, for i alle kommunar som sokna til Gaulasamskipnaden, hadde folk skrive på protestlister mot dei vidløftige planane.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.09.2010