Hopp til innhold
X
Innhald

Posten i Gaular

Britt Helen Torvik leverer post i Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Britt Helen Torvik leverer post i Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sveen

Sveen i Bygstad fekk postopneri i 1787 i samband med at postruta langs Den trondhjemske Postvei vart starta.

Dei første åra var adressa «Sveen i Indre Holmedal», i 1812 berre «Sveen», og så tilbake til «Sveen i Indre Holmedal» i 1833. I 1837 vart dette postopneriet flytta til Dale og fekk poststempel «Dale». Truleg var den indre delen av Dalsfjorden utan eige postopneri i dei neste ni åra, for først i 1846 kom det på nytt eige postopneri på Sveen med den nye gjestgjevaren der, Anders Daae, som poststyrar.

Dette postopneriet fekk andresse «Indre Holmedal». I 1859 vart namnet på dette kontoret endra til «Bøgstad», og i 1891 til «Bygstad». I 1878 overtok handelsmann O.A. Lunde (sjå Gründeren O. A. Lunde) i Eidevik som poststyrar og fekk kontoret flytta dit. I 1973 vart det klassifisert som underpostkontor og i 1977 som postkontor C.

Indre Holmedal

– sjå Sveen.

Bøgstad

– sjå Sveen.

Bygstad

– sjå Sveen.

Alle postkontora i Gaular er no lagde ned. I staden er det oppretta såkalla post i butikk-ordning. På Sande er det på Spar-butikken . Foto: Ottar Starheim, NRK.

Alle postkontora i Gaular er no lagde ned. I staden er det oppretta såkalla post i butikk-ordning. På Sande er det på Spar-butikken . Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sande

fekk postopneri i 1856 med adressa «Sande i Søndfjord» og med landhandlar Bernt Sivertsen som første styrar. I 1921 vart adressa endra til «Sande i Sunnfjord».

Vig

Vig

fekk postopneri i 1876 med Cornelius G. Ørnehaug som første styrar. Namnet vart i 1886 endra til Viksdalen. I 1973 var det underpostkontor og i 1977 postkontor C.

Viksdalen

– sjå Vig.

Hæstadgrænden

fekk brevhus i 1896. I 1919 vart det omgjort til postopneri med adresse Hestadgrend, og med handelsmann Jakob A. Kirkeli som første styrar. Kontoret vart lagt ned i 1970 og innordna under Sande.

Hestadgrend

– sjå Hæstadgrænden.

Sunde

på nordsida av Dalsfjorden fekk brevhus i 1902 under adressa Sunde i Ytre Holmedal. I 1911 vart det omgjort til postopneri med dampskipsekspeditør Kornelius Sunde som første styrar. I 1921 vart adressa endra til Sunde i Dalsfjorden. I 1973 vart det omgjort til underpostkontor, i 1977 til postkontor C og lagt ned i 1982 og innordna under Bygstad.

Skilbrei

fekk brevhus i 1904. Det vart omgjort til postopneri i 1919. I 1973 fekk det status som underpostkontor, i 1977 til postkontor C og lagt ned i 1996.

Aarberge

fekk brevhus i 1904. Adressa vart endra til Årberge i 1917, og brevhuset vart lagt ned i 1920.

Årberge

– sjå Aarberge.

Horsevik

fekk brevhus i 1905. Namnet vart endra til Grimsvik i 1933, og det vart lagt ned i 1970 og innordna under Sande.

Sygnen

fekk brevhus i 1907. Namnet vart endra til Sygna i 1933, og det vart postopneri i 1937 med handelsmann Olav Birkeland som første styrar. I 1969 vart kontoret lagt ned og innordna under Sande.

Sygna

– sjå Sygnen.

Standnes

på nordsida av Dalsfjorden fekk postopneri i 1911 med handelsmann I. A. Standnes som styrar og med adressa «Standnes i Søndfjord». I 1921 vart dette endra til «Standnes i Sunnfjord» – frå 1975 berre «Standnes». Kontoret fekk status som postkontor C i 1977 og vart lagt ned i 1987.

Øvrestrand

fekk brevhus i 1915. Det vart lagt ned i 1966 og innordna under Sande.

Myrmæl

fekk brevhus i 1933. Det vart lagt ned i 1969 og innordna under Sande.

Bjørvikstranda hadde postopneri fram til 1968. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bjørvikstranda hadde postopneri fram til 1968. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bjørvikstranda

fekk brevhus i 1937. Dette vart omgjort til postopneri i 1945 med dampskipsekspeditør Martin Nistad som første styrar. I 1968 vart postopneriet lagt ned og innordna under Bygstad.

Yksland

fekk brevhus i 1948. Det vart lagt ned i 1970 og innordna under Vadheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011