Hopp til innhold
X
Innhald

Sagbruka i Gaular

Sunnfjord Sag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sunnfjord Sag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei eldste sagbruka

Så tidleg som i 1587 var det registrert sju sager i nedre del av Gaular. I 1723 er talet kome opp i 40 sager, og sju av dei finn vi i Viksdalen. Dei fleste av desse må ha vore svært små sagbruk som berre skar til lokalt bruk.

Eikeland sag, her fotografert på 1930-talet, er ei av dei gamle bygdesagene i Gaular. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Eikeland sag, her fotografert på 1930-talet, er ei av dei gamle bygdesagene i Gaular. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Eit nedlagt sagbruk ved Eldalsosen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eit nedlagt sagbruk ved Eldalsosen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den einaste større saga frå 1700-talet var saga ved Osfossen, der det var tilsett eigen sagmeister frå Bergen, og kring 1740 vart det skore 1200 bord årleg på Osen-saga. På 1860-talet vart dei første 12 sirkelsagene bygde. Dette var til stor hjelp for tønneproduksjonen (sjå Tønneproduksjonen i Gaular) som utvikla seg som ei stor bygdenæring i Gaular på denne tida. Den første sirkelsaga vart bygd på Hestad i 1862. Ei gamal sag på Selstad ved Sande vart restaurert i 1996.

Osfossen ca. 1900. Til venstre for fossen ser vi sagbruket  til Nitter Leirvik  og Jens Søgnen.

Osfossen ca. 1900. Til venstre for fossen ser vi sagbruket til Nitter Leirvik og Jens Søgnen.

Nitter Leirvik og Jens Søgnen

pakta på 1890-talet Leirvik-garden i Osen og dreiv handel, sagbruk og mølle. Ludvig Nistad tok over butikken i 1916, og dreiv til 1930-talet.

Hauken Sag og Høvleri

Gerhard Hauken bygde sagbruk i Reveholmane ved Eikeland i 1938. Han bygde eit lite kraftverk som dreiv maskinene og, som samstundes leverte straum til nabolaget. I tillegg til leigesaging og sal av skurlast, produserte han dei første åra også vassrøyr av tre. I 1981 vart verksemda omorganisert til Hauken Sag og Høvleri AS.

Hauken Sag og Høvleri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hauken Sag og Høvleri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunnfjord Sag AS

vart bygd på Vollen i Osen i 1976 etter opptak frå Sogn og Fjordane Skogeigarlag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.09.2010