Hopp til innhold
X
Innhald

Samferdsle i Gaular

Førde Lufthamn Bringeland - innflyginga frå vest. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Førde Lufthamn Bringeland - innflyginga frå vest. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Samferdsla i Gaular har vore prega av dalbygdene sin lange veg til fjords, og av dei viktige gjennomgangsvegane mellom Bergen og Trondheim som heilt frå slutten av 1700-talet vart bygde gjennom kommunen. På Bringeland ligg Førde Lufthamn med stor trafikk av Widerøe og frå hovudbasen til Airlift som er eitt av dei største helikopterselskapa i Skandinavia.

Ein hest med kløv ved Langestølen. Biletet er teke i samband med bygging av telefonline, men her gjekk også driftevegen mot Sværeskaret. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Ein hest med kløv ved Langestølen. Biletet er teke i samband med bygging av telefonline, men her gjekk også driftevegen mot Sværeskaret. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Gamle ferdslevegar i Gaular

Ein av dei viktigaste driftevegane mellom Fjordane og Sogn gjekk gjennom Sværeskaret på Gaularfjellet.

Postvegane

Det norske postvesenet vart organisert med faste postruter frå 1647. Den første postruta mellom Bergen og Trondheim gjekk på 1600-talet frå Leirvik (Hyllestad), gjennom Lavikdalen til Guddalen (Fjaler), og vidare gjennom Steinsetdalen til Sygna i Gaular, derifrå vidare nordover forbi Førde.

Den Trondhjemske Postvei i Gaular

Den Trondhjemske Postvei vart bygd gjennom fylket i 1795 - mykje av vegen som brukande køyreveg.

E39 ved Langelandsvatnet mellom Sande og Førde. Foto: Ottar Starheim, NRK.

E39 ved Langelandsvatnet mellom Sande og Førde. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Køyrevegar i Gaular

Den første skikkelege køyrevegen kom i 1837 mellom Sande og Vadheim.

Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane

Tidleg på 1900-talet vart det planlagt jernbane mellom Vadheim og Sandane. I Gaular var det m.a. aktuelt å leggje sidespor frå hovudlina ved Sande og ned til Bygstad.

Første bilen i Sunnfjord?

Alf Harlem var distriktslege i Gaular frå 1903 til 1907. I 1904 kjøpte han bil frå Tyskland. Dette er truleg den andre bilen som vart kjøpt til Sogn og Fjordane. Den første kom til Breim i 1903, då Gabriel L. Bjørnereim kjøpte seg bil.

Alf Harlem (t.v.) med bilen han kjøpte i 1904.

Alf Harlem (t.v.) med bilen han kjøpte i 1904.

Hans Eikeland med varerute

– første private lastebiltransporten i Sogn og Fjordane.

Første rutebilen i Gaular før 1920. © Fylkesarkivet.

Første rutebilen i Gaular før 1920. © Fylkesarkivet.

Gaular Bilselskap

vart skipa i 1920 etter opptak frå Gaular kommune, og dreiv varetransport med ein lastebil i dalen. Dette selskapet fekk kort levetid: I 1921 gjekk det inn i det nyskipa Firda Billag.

Per A. Øren

i Høyanger (sjå Forretningsfamilien Øren) starta like etter krigen kombinert mjølkerute og passasjerrute Høyanger-Vadheim-Viksdalen. Firda Billag tok over ruta tidleg på 1970-talet.

Ferdsla på fjorden i Gaular

– hamner, stoggestader og ferjeplassar.

Flyplassen på Bringeland

Flyplassen i Førde vart bygd på Øyrane i Førde i 1971. Men småflyplassen låg trangt til. Etter at fleire alternativ var vurderte, fall valet på Bringeland i Gaular då det skulle byggjast ny flyplass i indre Sunnfjord.

Passasjerar på veg ut til morgonflyet til Oslo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Passasjerar på veg ut til morgonflyet til Oslo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Buss og fly

I dag har Gaular kommune m. a. fleire daglege samband med ekspressbussar mot Bergen og Trondheim, og fleire daglege flysamband mot Bergen og Sogndal- Oslo.

Flybussen frå Førde på Førde Lufthamn Bringeland. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Flybussen frå Førde på Førde Lufthamn Bringeland. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Posten i Gaular

Sveen i Bygstad fekk postkontor så tidleg som i 1787.

Telefonen i Gaular

Langeland, Viksdalen og Bygstad fekk rikstelefonstasjonar i 1902. Sande fekk først eigen rikstelefonstasjon i 1908.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2014