Hopp til innhold
X
Innhald

Sivertsens Hotell på Sande

Sivertsens Hotell på slutten av 1800-talet. Foto: Axel Lindahl.

Sivertsens Hotell på slutten av 1800-talet. Foto: Axel Lindahl.

Sivertsens Hotell på Sande vart bygt i 1838 av Berent Sivertsen, som også dreiv landhandel og skysstasjon.

Same familien dreiv også Sivertsens Hotell i Førde.

I 1885 overtok sonen Lyder Sivertsen hotellet på Sande, og i 1915 kjøpte Gaular kommune hotellet for å bruke det som distriktslegebustad.

I 1974 kjøpte distriktslege Arne J. Øvretveit bygningen, som i dag er eigd av sonen Ole Johannes Øvretveit.

Det tidlegare hotellet er i dag privathus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare hotellet er i dag privathus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.09.2010