Hopp til innhold
X
Innhald

Skagens Safteri

Skagen på Sande, der Skagens Safteri og Elvarheim kafe heldt til. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet.

Skagen på Sande, der Skagens Safteri og Elvarheim kafe heldt til. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet.

Skagens Safteri vart starta ca. 1905 på Sande av Mads Johannessen og Søren Haugland. Dei heldt til i kjellaren på det gamle kommunehuset, som var nytt i 1907. Folk i bygda planta bærbuskar og leverte både hage- og skogsbær til safteriet. I tillegg eksporterte Johannessen bær til England.

Han bygde i 1928 Elvarheim kafe der Ulla Løfall var vertinne i mange år. Huset der kafeen heldt til vart rive i 1980.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.09.2010