Hopp til innhold
X
Innhald

Skifabrikken i Bygstad

Kvamme-garden, der det var skifabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvamme-garden, der det var skifabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brødrene Kvamme ski- og møbelforretning i Bygstad vart starta i 1936 av Anders og Nils A. Kvamme. På Kvamme-garden hadde det sidan 1910 vore drive tønnefabrikk.

Den første tida etter starten i 1936 produserte verksemda ski og stavar. Etter kvart framstilte fabrikken også såkalla splitkein-ski (laminerte ski), og utvida elles med møbelproduksjon, produksjon av vogner, sledar og andre jordbruksreidskap.

I tillegg til denne og Åsnes Skifabrikk på Straumsnes, vart det også drive mindre skifabrikkar i Utvik og Markane (sjå m.a. «Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik»).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2010