Hopp til innhold
X
Innhald

Skysstasjonen og handelssetet Sveen

Sveen. Foto: Ottar Starheim, NRK

Sveen. Foto: Ottar Starheim, NRK

Like aust for det trange Svedsundet i Bygstad ligg eit stort, to-etasjes bustadhus frå 1700-talet. Dette er Sveen. Husa på garden er freda.

Då det enorme Svanøy-godset vart lagt ut for auksjon i 1727, vart mange gardar i Gaular kjøpte opp av reine jordspekulantar. Slik sikra eigaren i Osen, Rasmus Boe seg Sveen, der det frå gamalt av hadde vore gjestgiveri.

Birkedommaren på Sveen

Ein av dei som budde på Sveen, var «birkedommar» Ludvig Rennord. Den spesielle ordninga ved birkedommar (sjå Futesete og adelsgods på Svanøy) levde side om side med sorenskrivarembetet i Sunnfjord heilt fram til 1821, og hadde utspringet sitt i privilegiar knytt til Svanøy-godset. Ludvig Rennord var knytt til Osen gard inne i bukta gjennom giftarmål med Marie Storm, som var syster til major Ulrich Friedrich von Storm.

Hovudhuset på Sveen i 2007. Etter det er huset restaurert. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudhuset på Sveen i 2007. Etter det er huset restaurert. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Etter at Rennord-perioden på Sveen var ute i 1817, skifta eigedomen eigarar eit par gonger fram til 1845, då Anders Daae frå preste- og offisersslekta i Sogn kom inn og fekk rett til å drive handel i Sveen.

Dampskipskaia

Dampskipskaia

Frå 1858 vart Sveen endestopp for Fylkesbaat-ruta på Dalsfjorden. I 1906 kjøpte fabrikkareigar og handelsmann Ola A. Lunde Sveen og vart dampskipsekspeditør (sjå Gründeren O. A. Lunde).

Hestesjå på kaia på Sveen. I bakgrunnen er krambua til Øvrebø.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011