Hopp til innhold
X
Innhald

Søren Tjønneland

Søren Tjønneland (1868-1954) frå Tjønneland, busett i Bergen. Murar, fagforeningsmann og Arbeidarparti-politikar.

Flytta 1890 til Bergen der han m.a. vart leiar for murarane si fagforening, styreformann i bladet «Arbeidet», leiar i Bergens Arbeiderparti, og medlem av bystyre og formannskap i mange år.

Ved stortingsvalet i 1915 var Bergen delt inn i valkrinsar. Tjønneland fekk mange røyster i Nygård krins, men i andre valomgang let han sine krinsrøyster gå til kandidaten i Kalfaret krins slik at Arbeiderpartiet vart representert frå Bergen. Tjønneland vart sjølv vararepresentant 1916-1981.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2008