Hopp til innhold
X
Innhald

Steinar Ness

Steinar Ness. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Steinar Ness. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Steinar Gudmund Ness fødd 1959 i Viksdalen. Bonde og Senterparti-politikar. Var leiar i Senterungdommen 1984-1986. Vararepresentant på Stortinget 1981-1989, sekretær og sekretariatsleiar for stortingsgruppa 1985-1991 med unntak av tida då han var statssekretær i Miljøverndepartementet 1989-1990.

Generalsekretær i Senterpartiet 1991-1997. Politisk rådgjevar i Kulturdepartementet 1997-1999. Medlem av Gaular kommunestyre frå 1999.

Har hatt diverse prosjektarbeid for fylkeskulturetaten. Nestleiar i styret for Riksteateret frå 2003. Medlem av distriktsprogramrådet i Sogn og Fjordane og nestleiar i Kringkastingsrådet 2006–2009. I 2010 vart han vald inn i styret for NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.09.2010