Hopp til innhold
X
Innhald

Sunnfjord Sag AS

Sunnfjord Sag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sunnfjord Sag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sunnfjord Sag AS vart bygd på Vollen i Osen i 1976 etter opptak frå Sogn og Fjordane Skogeigarlag.

Sunnfjord Sag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sunnfjord Sag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Etter at den vesle cellulosefabrikken VeTreFo i Vadheim gjekk konkurs i 1971 etter berre 12 års drift, måtte skogeigarane i distriktet finne eit alternativ for omsetning av skogen (sjå Den mislukka cellulosefabrikken).

Etter at fleire lokalitetar var vurderte, fall valet på Osen ved Bygstad. Per Kjelstad stod sentralt ved skipinga av verksemda og var styreleiar i mange år.

Råstoffvanskar

Råstoffvanskar

Verksemda hadde til tider store problem med å skaffe nok råstoff, og i 1985 gjekk sagbruket konkurs. Sidan har det halta og gått gjennom fleire kriser til det vart refinansiert og fekk meir stabil drift. I 2002 har verksemda 18 tilsette, og hadde i 2001 ei omsetning på 22 millionar kroner. Same året overtok dagleg leiar Arne Storm 63 prosent av aksjane i verksemda.

Konkurs i 2011

I september 2011 vart Sunnfjord Sag slege konkurs etter å ha slite tungt i fleire år. Talet på tilsette ved konkrusen var 15. I 2013 vart Sunnfjord Sag kjøpt av Lars Trygve Sæle frå Balestrand.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2013