Hopp til innhold
X
Innhald

Sveen fekk dampskipsanløp

Dampskipskaia ved Sveen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dampskipskaia ved Sveen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den viktigaste landingsplassen for tyngre gods som skulle opp til bygdene i nedre dalføret var Osen i Bygstad. Her var det kai og sjøhus like opp under Osfossen. Men då Fylkesbaatane starta rutene sine på fjorden frå 1858, kunne ikkje skipa gå opp den grunne elva, og dampskipsekspedisjonen vart flytta til Sveen, der Anders Daae vart ekspeditør.

På Sveen vart det bygt kai ein gong kring 1880. Handelsmann O.A. Lunde hadde flytta handelen sin frå Lunde til Eidevika i 1877, og han overtok også som dampskipsekspeditør i Bygstad.

Frakt av tønner og byggemateriale som hasselband og trevirke til dei mange tønnefabrikkane i Bygstad og elles i Gaular gjorde at Sveen/Bygstad var ein av dei viktigaste anløpsstadene for Fylkesbaatane i mange år.

Etter 1940 er Eidevika i nokre år nemnd som inste stoppestad for fylkesbaatruta på Dalsfjorden.

– Les elles sjå eigen artikkel om skysstasjonen Sveen.

Kaia i Eidevika i Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kaia i Eidevika i Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.09.2010