Hopp til innhold
X
Innhald

Transportverksemder i Gaular

Sygna Transport er eitt av fire store lastebilfirma i Gaular. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sygna Transport er eitt av fire store lastebilfirma i Gaular. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Omtalene er ordna etter oppstartsår:

Gaular Bilselskap

vart skipa i 1920 etter opptak frå Gaular kommune, og dreiv varetransport med ein lastebil i dalen. Dette selskapet fekk kort levetid: I 1921 gjekk det inn i det nyskipa Firda Billag.

Magnus Nistad Transportforretning AS

vart skipa av Magnus Nistad i 1967. Sonen Arne Nistad tok over leiinga i 1997. Nistad har bygd stort servicebygg på Sande.

Ein mjølkebil frå Råheim Transport ved Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ein mjølkebil frå Råheim Transport ved Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Råheim Transport

i Viksdalen vart starta i 1970 av Helge Råheim. Faren Jakob Råheim starta med lastebil i 1936, og fekk m.a. mjølketransport for Bergensmeieriet. Råheim har spesialisert seg på tanktransport av mjølkeprodukt for Tine Norske Meierier, og har fem trailertankbilar og åtte tilsette i 2002.

Sygna Transport

på Sande vart starta i 1975 av brørne Jens og Leif Sygna. Firmaet har spesialisert seg på biltransport, og har i 2002 ni trailerar og 13 tilsette. Omsetninga i 2001 var 12 millionar kroner.

Hovudkvarteret til Sygna Transport på Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudkvarteret til Sygna Transport på Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kårstad Transport AS

på Storehaug vart starta i 1977 av Roar Kårstad.

Gamle Kårstad Transport AS

- sjå Kårstad Transport AS.

Airlift AS

er den største arbeidsplassen i Gaular kommune, og eitt av dei største helikopterselskapa i Norden.

Fire av helikoptera til Airlift. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fire av helikoptera til Airlift. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.09.2011