Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Gaular

1676

1676

I 1676 vart 2-3 personar drepne då garden Ørnehaug i Råheimsdalen vart råka av snøras.

Ca. 1720

Ca. 1720 omkom ei tenestejente i eit jord- og steinskred på garden Leirsand ved Sygna.

1726

I 1726 vart gardane Selstad, Ytre Eikeland og Hauken alle råka av fjellskred.

Ras på Råheim

Gardstunet på Råheim i Viksdalen har fleire gonger vorte skadd av ras. Det første som ein kjenner til, var eit ras kring 1600. Eit anna ras råka garden kring 1720. Særleg ille gjekk det i eit ras i 1748 då ein av brukarane valde å flytte frå garden i staden for å byggje opp att.

Råheimsdalen, der det har gått fleire ras som har gjort skade på folk og hus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Råheimsdalen, der det har gått fleire ras som har gjort skade på folk og hus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1749

I 1749 seier segna at det skal det ha omkome 2-3 personar i ras og flaum som råka garden Ørnehaug i Råheimsdalen, men ulukka er ikkje skikkeleg dokumentert i skriftleg materiale. Det mest sannsynlege er at ei kvinne på garden kan ha omkome. Denne flaumen skal også ei stund ha truga kyrkja nede i Viken, og jordslam låg att i kyrkjebenkane då flaumen trekte seg tilbake.

1756

I 1756 omkom eit spebarn då tunet på garden Solheim ved Haukedalsvatnet brann ned. Mora vart sterkt forbrend då ho prøvde å berge barnet.

Skred i Hestadfjorden

I 1786 gjekk eit stort fjellskred ved Kirkelid. Skredet laga ei stor flodbylje i Hestadfjorden og gjorde stor skade. Lufttrykket frå skreda løfte tak av hus på andre sida av vatnet. Ingen menneske omkom, men rasmassane danna eit nes ut i vatnet som framleis heiter Svora (skredet).

Brurefylgje drukna

Tidleg på 1800-talet drukna eit brurefylgje frå Markeset ved Vadheim då dei skulle ro over Hestadfjorden til Hestad kapell.

1815

I 1815 omkom ein mann og ei kone då tunet på garden Indre Oppdal i Eldalsdalen vart teke av snøras og ført på elva.

1844

I 1844 omkom to bønder frå Kvamen og Hestebeit i Viksdalen då dei vart råka av ei snøfonn medan dei køyrde heim høy frå stølen.

1851

I 1851 drukna to brør frå Lending då dei var på veg over isen til skulen i Osen inst i Dalsfjorden.

1852

I 1852 omkom ein mann frå garden indre Eldal i Viksdalen i eit snøskred.

1868

I 1868 omkom to menn frå Bjørvikstranda då jekta dei skulle segle til Bergen, sokk ved Heileberget i Dalsfjorden.

1894

I 1894 drukna to skulejenter og bestefaren til den eine jenta , alle frå Roska, då dei gjekk gjennom isen på Viksdalsvatnet. Tidlegare hadde to menn frå Roska drukna på same vis. Etter ulukka i 1894 vart det sett i gang arbeid for å skaffe dei veglause gardane på Roska veg. Men vegen kom ikkje før i 1939. Fram til då var einaste farbar veg i stupbratte hamrar langs vatnet, der folk måtte ta seg fram med tau og boltar.

Snøras på Vikum

Garden Vikum ved Haukedalsvatnet har fleire gonger vore truga av ras. I 1993 raserte eit skred driftbygningen og mykje av den dyrka jorda. Også i 1955 og 1967 gjorde ras stor skade på garden, og etter raset i 1967 vart husa flytta til det ein meinte var ein tryggare stad.

1956

I 1957 omkom 74 år gamle Magnus Eldal i Eldalen då gardshusa vart sopa bort av eit snø- og steinskred. Sonen Einar Eldal vart ført ut i elva, men greidde å berge seg i land etter å ha blitt ført utfor nokre stryk saman med vrakgodset. Det meste av buskapen vart drepen av raset. (Sjå biletet øvst på sida.)

Køyrde i fjorden

Tre ungdomar frå Fjaler omkom då ein bil køyrde i fjorden ved fjellet Saltkjelen i Bygstad på 1970-talet.

Garden Vikum

ved Haukedalsvatnet har fleire gonger vore truga av ras. I 1993 raserte eit skred driftsbygningen og mykje av den dyrka jorda. Også i 1955 og 1967 gjorde ras stor skade på garden, og etter raset i 1967 vart husa flytta til det ein då meinte var ein tryggare stad.

1997

To unge menn frå Fjaler omkom i 1997 i ei trafikkulukke i vegkrysset på Storehaug.

Storehaugkrysset, der vegen frå Bygstad møter E39. Her miste to personar livet i ei trafikkulukke i 1997. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Storehaugkrysset, der vegen frå Bygstad møter E39. Her miste to personar livet i ei trafikkulukke i 1997. Foto: Ottar Starheim, NRK.

2014

I mars 2014 omkom ein mann under skogsarbeid på Brunene i Bygstad.

Les også: Kriminalsoger i Gaular

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.03.2014