Hopp til innhold
X
Innhald

Veg langs Viksdalsvatnet

Vegen langs Viksdalsvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen langs Viksdalsvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ei av dei første vegløyvingane til bygdevegar i Sogn og Fjordane vart gjort i 1857, og galdt utsprenging av veg i Matbjørhammaren på sørsida av Viksdalsvatnet. Slik kunne folk i dei øvste dalane kome fram til dampskipskaiene i Vadheim eller Sveen i Bygstad utan å ta seg over Hønsetåsen og Matbjørafjellet og ned til Hestebeit.

I 1862 var vegen rundt hammaren såpass rydda at ein kom framom med hest, men det store anleggsarbeidet for heile strekninga på 18 km langs Viksdalsvatnet frå Vassenden til Vika starta ikkje før i 1877, og var ferdig i 1884.

M/B Viksdølen

Vegen Vassenden-Vika kunne seinare køyrast med personbilar, men var for smal og dårleg for lastebil. Varer som skulle lengre opp i dalen, vart difor frakta med motorbåten «Viksdølen» frå Kirkelineset til Vika. Båten gjekk på vatnet frå 1909 til 1930, då vegen vart utbetra og gjorde båttransporten overflødig.

Brua over Øyratangen ved Hestad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brua over Øyratangen ved Hestad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.09.2010