Hopp til innhold
X
Innhald

Vegen Vadheim-Sande-Førde

Brøytebil med vendeplog på Langeland mellom Sande og Førde på 1940-talet. Arne Lundekvam sit og styrer plogen. Foto: Dagfinn Reiakvam. © Fylkesarkivet.

Sørover til Sognefjorden mot Vadheim kom det skikkeleg køyreveg i 1837. Den avløyste det som vert kalla «køyrande veg» frå ca. 1790-talet. Men det skulle vare heilt til 1867 før Stortinget formelt vedtok å leggje ned Den Trondhjemske Postvei over Sveen-Dale-Leirvik som hovudveg.

Den første vegen Vadheim-Sande gjekk gjennom alle tuna på austsida i Årbergsdalen. I 1840 vart det vedteke å leggje den på sørsida gjennom dalføret.

Køyreveg i fire meters breidde Vadheim-Sande-Førde vart bygd frå 1890 til 1910, og vegen Førde–Sande vart gradvis utbetra til dagens standard frå 1970-talet og til kring 1995.

Vegen mellom Førde og Vadheim har i 2010 framleis nokre strekningar med smal og svingete veg på strekninga langs Ykslandsvatnet og vidare til Dregebø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen mellom Førde og Vadheim har i 2010 framleis nokre strekningar med smal og svingete veg på strekninga langs Ykslandsvatnet og vidare til Dregebø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Sande og Langeland var det skysstasjonar.

Ny veg i 2016

I 2013 starta arbeidet med å utbetre E39 på strekningane Dregebø-Grytås (med tunnel langs Ykslandsvatnet) og Birkeland-Sande nord. Stamvegen blir då lagt utanom Sande sentrum. Til saman blir det 9,1 km ny veg, av dette 800 meter tunnel. Kostnaden er 575 millionar kroner, og vegen skal etter planen opnast sommaren 2016. Det er og lagt planar for å utbetre strekninga Myrmel-Lunde.


Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015