Hopp til innhold
X
Innhald

Viksdalen kyrkje

Viksdalen kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Viksdalen kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Viksdalen kyrkje vart bygd i 1848. Det er ikkje kjent kven som var arkitekt og byggmeister for kyrkja. Altartavla er frå 1620, altarbordet frå ca. 1600. Nattverdsutstyr, kalk og disk er frå 1620. Ein trearma lysestake er frå 1620. Preikestol og anna inventar er frå byggjeåret eller seinare. Den fyrste kyrkja i Viksdalen er nemnd i 1360. Den vart erstatta av ei kyrkje som stod i åra frå 1620 til 1848, då den vart riven og erstatta med noverande kyrkje.

Kyrkjetømmeret vart flytta

Det vart ein bitter lokaliseringstrid i bygda då kyrkja skulle byggjast i 1620: Nokre ville ha den på Hagehojen, andre i Vika. Dei som stod sterkast, hogg kyrkjetømmeret og gjorde klart tomta på Hagehojen. Men då dei skulle til å byggje kyrkja, hadde tømmeret på uforklarleg vis flytta seg til Vika. Dette måtte det stå høgare makter bak, trudde folk, og torde ikkje anna enn å byggje i Vika. Liknande vandrehistorier om flytting av kyrkjetømmer finn ein m.a. i Selje og Kalvåg. – Les meir om desse under Bremanger og Selje kommunar.

Gravferd utan prest

Fram til 1775 høyrde Gaular til Holmedal prestegjeld. Presten, som budde i Holmedal, hadde ansvaret for det meste av bygdene kring Dalsfjorden. I Viksdalen hende det ikkje sjeldan at slektningar måtte gravleggje dei døde utan prest til stades. På første kyrkjesundag tok han så gravferdsseremonien. Var isen utrygg på Viksdalsvatnet, vart desse kyrkjehandlingane flytta ned til Hestadkyrkja (sjå Hestad kapell).

Steinkross på Bell

På garden Bell i Eldalsdalen står det ein gamal steinkross som ein ikkje kjenner alder og opphav til. Steinkrossen er sterkt skadd.

Kyrkjegardsporten. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kyrkjegardsporten. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.09.2010