Hopp til innhold
X
Innhald

Viksdalsmålinga som næringsveg

Alvhild og Einar Eldal med døme på produksjonen sin. Privat foto.

Alvhild og Einar Eldal med døme på produksjonen sin. Privat foto.

Sjølv om Viksdalsmålinga og den kunstferdige trehusfliden som fylgde med den er eit særdrag med kulturhistoria i Gaular, så høyrer dette kunsthandverket like mykje inn under bolken «Industri og næring», fordi det på 1800-talet vart ei av dei viktigaste inntektskjeldene for folk i Viksdalen.

Det var Kristen Kjelstad (1766-1844) frå Øvre Kjelstad som var opphavsmannen til dette særmerkte handverket. Difor har også den karakteristiske rosemålinga på gjenstandane like ofte vorte kalla «Kjelstadmåling» som «Viksdalsmåling».

Vikdalsmålinga er prega av grasiøst måla S-ar eller fletta spiralar, gjerne på rustraud, svart eller koboltblå botnfarge.

Alvhild og Einar Eldal med døme på produksjonen sin. Privat foto.

Alvhild og Einar Eldal med døme på produksjonen sin. Privat foto.

«Kjelstad-hus»

Det var truleg broren Øystein Kjelstad som laga sjølve korgene og dreia bollar som Kristen dekorerte. Dei to konstruerte også dreia øskjer som kunne stablast oppå kvarandre slik at den eine øskja danna lok over den under. Desse vert kalla «Kjelstad-hus» og vart også dekorerte i den spesielle rosemålingsstilen. Øystein Kjelstad fekk i 1786 Det Nyttige selskaps medalje for arbeid med øskjer og korger.

Kjellarindustri

I tillegg til å måle sjølv, tok Kristen mange sambygdingar i lære, og det utvikla seg til ein stor «kjellarindustri» med rosemåling av sveipte korger og asker. Årleg vart det produsert over 20.000 gjenstandar av dette slaget i Viksdalen, og husfliden vart ei svært viktig attåtnæring.

Selde i Bergen

Selde i Bergen

Handverkarane laga gjerne botnar og sveip til korgene som «halvfabrikat» heime, bunta dei saman slik at dei tok liten plass og førde dei med seg til Bergen. Der monterte dei korgene, rosamåla dei og selde husfliden antan på torget eller ved hussal. Ein annan vanleg transportmåte, var å laga tinene slik at den eine kunne setjast inn i den andre, slik at det til slutt vart ei heil «bør» som var hendig å ta med seg til byen. Denne husfliden hadde stort omfang i dalen heilt fram til 1920-talet.

Korgbinding

Også binding av korger og andre nytte- og prydgjenstandar av bjørketeger var ein utbreidd husflid i Viksdalen. Alvhild og Einar Eldal har teke vare på den gamle husflidstradisjonen med Viksdalsmåling, og driv m.a. eiga husflidsverksemd med utsal i Eldalen (sjå bileta).

Rosemålarar i Viksdalen

Alvhild og Einar Eldal har utarbeidd eit oversyn over dei som dreiv tinearbeid og rosemåling i Viksdalen på 1700- og 1800-talet:

Rosemålarar:

Rosemålarar:

  • Elling Larsson Eldal (1759-1836)
  • Øystein Gunnarsson Kjellstad (1764-1806)
  • Kristen Gunnarsson Kjelstad (1766-1844)
  • Ystein Ellingsson Eldal (smed) (1789-1854)
  • Gjert Hetleøyane (1809- )
  • Ola Kolbeinsson Ørnehaug (1810-1897)
  • Ragnvald Eldsosen (1811-1909)
  • Kristen Andersson Almyra (1811-1892)
  • Ola Olsson Mjelsholten (1815-1909)
  • Anders Ysteinsson Eldal (tegerbinding) (1825-1909)
  • Arnfinn Ysteinsson Eldal Vallestad (1829-1897)
  • Gjert Øysteinsson Vallestad ( )
  • Mads Ivarsson Mjell (1831-1909)
  • Markus Iversson Vallestad (1836-1916)
  • Mikael Nilsson Vallestad (1843-1920)
  • Bern Johannesson Råheim ( smed) (1843-1918)
  • Anders Olsson Lyngstad (1851- )
  • Gjert Hov (siste rosemålaren) (1853-1931)

Tinearbeid

Ved folketeljinga i 1865 gav desse opp at dei dreiv tinearbeid som delyrke:

  • Nils Gjertsson Tuftene (1817-1900)
  • Mikal Olsson Oppedal (1822-1909)
  • Lars Olsson Vindheim Epesetosen (1835-1926)
  • Søren Gjertsson Øen (1835-utflytt 1891)
  • Ludvig Ellingsson Oppedal (1843-1914)
Ved folketeljinga i 1900 gav desse opp at dei dreiv tinearbeid som delyrke:
  • Mikal Sørensson Øen (1822-1906)
  • Søren Hansson Tuftene (1827-1914)
  • Anders Olsson Vallestad (1837- )
  • Gjert Hansson Vallestad (1838-1906)
  • Mikal Nilsson Vallestad (1843-1920)
  • Ola Johannesson Tuftene (1853 - )
  • Kristian Mikalsson Øen (1855-1921)
  • Mikal Hansson Øen (1865-1953)
  • Andreas Mikalsson Øen (1866-1942)
  • Mikal Kristensson Øen (1877-1959)
  • Johannes Arnfinnsson Vallestad (1880-1959)
  • Enok Kolbeinsson Hetle (1881-utflytt 1907)
  • Øystein Madsson Kjelstad (1883-utflytt 1901)

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011