Hopp til innhold
X
Innhald

Widerøes Flyveselskap ASA

Widerøes Flyveselskap har heilt sidan starten av kortbanerutene på Vestlandet vore det dominerande ruteflyselskapet i Sogn og Fjordane, og hadde i 25 år hovudbasen for Vestlandet i Florø. Flyselskapet vart skipa i 1934 av flygar Viggo Widerøe (fødd 1904). Han leia sjølv selskapet til 1970.

Fram til 1940 dreiv Widerøes Flyveselskap med taxiflyging, fotoflyging, ambulanse og skuleflyging og hadde eigen base på Ingierstrand utanfor Oslo. I 1950 skipa selskapet basar i Bodø og Tromsø og starta første sjøflyrute mellom Vadsø og Kirkenes i 1954. Sidan vart det ei mengd sjøflyruter i Nord-Noreg, og selskapet dreiv jamvel ei helikopterrute til Værøy og Røst.

På kortbanenettet

Då det første norske kortbanenettet opna i Nord-Noreg i 1968, fekk Widerøe konsesjon på rutene. På denne tida gjekk SAS, Braathens SAFE og Fred. Olsen inn som aksjonærar i selskapet.

Då kortbanenettet på Vestlandet opna i 1974, vart Widerøe ruteoperatør med dei kjende to-motors Twin Otter-flya som tok 22 passasjerar.

Base i Florø

Flyselskapet valde Florø som Vestlands-base og bygde flyhangar der i 1974. Audun Muri frå Olden var seniorflygar og første basesjef i Florø. I 1974 starta Widerøes Flyveselskap direkterute frå Sogn og Fjordane til Oslo. Fram til 1983 vart Oslo-ruta flogen med Twin Otter-maskiner, og berre i sommarhalvåret, fordi denne flytypen ikkje hadde trykkabin.

Nye flytypar

I 1981 tok Widerøe i bruk ein ny og mykje større flytype: Dash 7 kunne ta 52 passasjerar. Dash 7-flyet hadde trykkabin som gjorde det mogleg å gjere Oslo-ruta heilårleg frå vinteren 1983-1984. Dash 8 vart det nye flyet i Widerøe-flåten frå 1993. Det har plass til 37 passasjerar.

Basen flytta til Gardermoen

Widerøe la ned basen sin i Florø i 1999 då selskapet Coast Air vann tilbodsrunden om rutene på Florø. Selskapet la basen sin for Sør-Norge på Oslo Lufthavn Gardermoen.

Eit Widerøe-fly på Førde Lufthamn Bringeland. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Eit Widerøe-fly på Førde Lufthamn Bringeland. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.01.2012