Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Hjorteset

Anders Hjorteset (1891–1976) frå vestre Hyen. Bonde og sjåfør. Han kjøpte lastebil i 1935, og var den første som dreiv bilruter i Hyen. Han tok i 1935 initiativet til skiping av Hyen Billag L/L.

I 1929 kjøpte han også den første skyssbåten på vatnet Storefjorden, og bygde same året det første kraftverket i bygda. Anders tok initiativ til bygging av den kristelege leirstaden på Nesholmen i 1949.

Dottera Alvhild Aa fødd 1916 var sjåfør hos faren, og er truleg landets første kvinnelege rutebilsjåfør (sjå: «Kjende personar i Gloppen fødde år 1900-1930»).

Sjåfør Svein Olav Birkeland (t.h.) og sjåførlærling Martin Heimsæter framfor ”Stallane” i Straumsholmen med dei to Ford V8-lastebilane til Hyen Billag. Ukjend fotograf.

Sjåfør Svein Olav Birkeland (t.h.) og sjåførlærling Martin Heimsæter framfor ”Stallane” i Straumsholmen med dei to Ford V8-lastebilane til Hyen Billag. Ukjend fotograf.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011