Hopp til innhold
X
Innhald

Anton Skarstein

Anton Olson Skarstein (1855–1933) frå Sandane. Forretningsmann, som i 1878 vart styrar for Gloppens og Bredheims (Breims) Handelsforening.

Skarstein hadde ei rad lokale tillitsverv, og sto sentralt i mange viktige utbyggingssaker på Sandane kring 1900. Styremedlem i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Forretningmannen Skarstein

Anton Skarstein starta landhandel i 1881 på Sandane, og bygde stort forretningsbygg i Sandane sentrum. Han eigde også to sjøbuer.

Det gamle forretningsbygget til Anton O. Skarstein. I dag held m.a. redaksjonen til Firda Tidend til i huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det gamle forretningsbygget til Anton O. Skarstein. I dag held m.a. redaksjonen til Firda Tidend til i huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1888 bygde han saman med Elling Viken Evebøfoss Shoddyfabrikk ved Storelva. Denne vart seinare kjøpt av Anders Hansen. Sonen Gunnar og sonesonen Anton dreiv forretninga vidare etter grunnleggjaren. Det første Skarstein–huset står framleis vel bevart i sentrum, medan nytt forretningsbygg vart reist 1988 på ei tomt like ved.

Forretningsbygget som Skarstein bygde i 1988. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som Skarstein bygde i 1988. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011