Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Bøyum

Arne Bøyum fødd 1928, med oppvekst på Voss og Sandane. Dr. med. og forskar. Cand. med. frå Universitet i Oslo 1954. Arbeidde som lege fleire stader i landet før han i 1959 vart tilsett på indremedisinsk avdeling ved Rikshospitalet.

Seinare vart han forskar ved Forvarets Forskingsinstitutt på Kjeller. Der arbeidde han i ei gruppe på fem forskarar som studerte dei medisinske verknadane av stråling ved atomkrig.

I 1968 presenterte Bøyum ein revolusjonerande teknikk for separasjon og sortering av kvite blodceller. Denne metoden er svært viktig m.a. diagnostisering av store sjukdomsgrupper som kreft og HIV/Aids. Avhandlinga om ”Bøyum”-metoden er kjend over heile verda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011