Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Larsson Holme

Kaia på Hestenesøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kaia på Hestenesøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Arne Larsson Holme frå Hyen hadde drive handelsverksemd i Bergen før han kom til Hestenesøyra i 1845 og starta handel der. Han nåtte gje seg i 1861 og flytta tilbake til Bergen.

Bergensaren Wilhelm M. Troye tok over på Hestenesøyra, men overlet den i 1865 til numedølen og skreppekaren Abraham P. Bøchmann.

Då han gjekk konkurs i 1880, overtok Gloppens Spare- og Forbrugsforening eigedomane på Hestenesøyra.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.01.2011