Hopp til innhold
X
Innhald

Austrheim Båtbyggeri

Sandane Trelast og Byggevarer, tidlegare Austrheim Båtbyggeri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sandane Trelast og Byggevarer, tidlegare Austrheim Båtbyggeri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Austrheim Båtbyggeri vart starta i Sponvika på Austrheim i 1928 av brørne Anton J. Austrheim og Johan Austrheim. Anton hadde teke utdanning i båtbyggjarfaget ved Bergen Mekaniske Mellomskole.

Over til trelast

I Sponvika vart det på 1950-talet bygt båtar på over 100 fot, og verksemda var det største båtbyggjarverftet i Gloppen kommune nest etter Brødrene Aa i Hyen. Tidleg på 1960-talet minka etterspørselen etter større båtar i tre, og med utgangspunkt i saga som høyrde til anlegget, starta brørne firmaet Sandane Trelast og Byggevarer.

I dag er det sønene til Anton, Eivind og Jon Arild Austrheim, som driv byggevarefirmaet i Sponvika.

Den eine av gründerbrørne, Johan Austrheim, heldt fram med bygging av tradisjonelle gloppefæringar i kjellaren heime til han var oppe i høg alder.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2009