Hopp til innhold
X
Innhald

Austrheimkyrkja

Minnesteinen som er reist der Austrheimkyrkja stod. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Minnesteinen som er reist der Austrheimkyrkja stod. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Både på storgarden Eide aust for Sandane og på Austrheim var det kyrkjer i mellomalderen. På Austrheim låg det truleg ei stavkyrkje. Den er nemnd første gong i 1308.

I 1991 vart det funne spor etter kyrkja på Austrheim, og på denne staden vart det i 1991 reist ein minnestein. Kyrkja vart lagd ned ein gong mellom 1598 og 1686.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2009