Hopp til innhold
X
Innhald

Aviser og medium i Gloppen

Firda Tidend har sidan 1924 vore avisa til glopparane.

Firda Tidend har sidan 1924 vore avisa til glopparane.

Bygdebladet ”Nordfjord”

vart grunnlagt av ei gruppe på Sandane i 1896. Dei hadde ynskje om å gje ut ei «moderat, konservativ» lokalavis for Gloppen og Breim. Hans Thorsen vart første redaktør. Han vart desutan første formann i Sandane Turn og idrettslag frå det vart skipa i 1900 til 1904. Ole Jensson Nyhagen vart tilsett som forretningsførar i 1897, og overtok kort tid etter heile avisa. Han var redaktør og disponent i «Nordfjord» fram til 1942, då den vart stogga av nazistane.

Avisa Nordfjord 10. september 1897.

Avisa Nordfjord 10. september 1897.

Frå trykkeriet til avisa Nordfjord.

Frå trykkeriet til avisa Nordfjord.

Firda Tidend

Firda Tidend vart skipa i 1924 som eit organ for Bondepartiet, seinare Senterpartiet.

Firdanytt

var ei avis som vart freista starta i Gloppen i 1952. Det var Oddvar Gloppestad, ein ung mann som m.a. var aktiv i ungdomslaget i bygda, som stod bak Firdanytt.

Nordfjord Nærradio

Han hadde fått ein ung gymnasiast, Herbjørn Sørebø, som medarbeidar. Dei hadde ambisjonar om å gjere Firdanytt til ei fylkesdekkjande avis, men avisa kom berre ut med fem-seks nummer. Så var det slutt.

Nordfjord Nærradio

starta i 1985 sendingar i midtre Nordfjord. Nærradioen dekkjer kommunane Eid og Gloppen med sendingane sine, og har kontor på Sandane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018