Hopp til innhold
X
Innhald

Båtbyggjarane i Gloppen og Hyen

Ein sekskeiping på Traudalsvatnet med berre kvinner om bord. Årstalet er ukjent, men det kan vere før eller etter andre verdskrigen. Foto: Sigurd Brandt Olsen (?). © Fylkesarkivet.

Ein sekskeiping på Traudalsvatnet med berre kvinner om bord. Årstalet er ukjent, men det kan vere før eller etter andre verdskrigen. Foto: Sigurd Brandt Olsen (?). © Fylkesarkivet.

Heilt frå uminnelege tider har det vore ein sterk båtbyggjartradisjon kring Gloppefjorden og i Hyen. Dei tre båttypane var jekter, skuter og robåtar i ulike storleikar.

Nordfjordbåten

– ofte kalla Gloppe-færingen – vid i rommet og sterkt avsmalna bak – er ein av dei eldste kjende robåt-typane på Vestlandet. Nordfjordbåtane vart bygde i fem storleikar: Færing med fire årar, seksring med seks årar, firæring med åtte årar, femkeiping med 10 årar, og den største; sekskeipingen med 12 årar og ei lengde på vel 11 meter. Dei største båttypane vart m.a. nytta til kystfiske, byferder, høyberging frå utslåttene langs strendene, og som kyrkjebåtar. Fram til midten av 1800-talet vart det nytta vanleg råsegl på Nordfjordbåtane, men frå kring 1850 kom det asymmetriske sneiseglet som også vart nytta på Sunnmøre, i vanleg bruk i Nordfjord.

Teikning av nordfjordfæringen.

Teikning av nordfjordfæringen.

Kring heile Gloppefjorden var det på 1800-talet verkstader som bygde både robåtar og større jekter og fiskebåtar. Av dei 75 jektene som i 1845 fanst i heile Nordfjord, var 39 bygde i Gloppen. På fire år på 1850-talet vart det bygd 600 mindre båtar og litt større ”skuter” i Gloppen, og 50 gardbrukarar hadde dette som ei lønsam attåtnæring.

Holvikjekta. Foto: Jan Nik. Hansen. © Fylkesarkivet.

Holvikjekta. Foto: Jan Nik. Hansen. © Fylkesarkivet.

Seglføringa på Holvikjekta.

Seglføringa på Holvikjekta.

Jektene

Ei av dei siste jektene som vart bygde i Gloppen, var Holvikjekta i 1881. Den vart bygd av ein av dei mest kjende jektebyggjarane, Jakob Apalset. Holvikjekta hadde berre få turar til Bergen før den vart sett på land som museumsgjenstand, og danna på mange vis grunnstammen i samlingane då det vart vedteke at Nordfjord Folkemuseum skulle byggjast på Sandane. Jekta står i dag utstilt i eige bygg på Austrheim. (Sjå meir under Nordfjord Folkemuseum.)I 1895 vart den siste jekta bygd i Gloppen.

Skutene

Den tredje båttypen som vart bygd i Gloppen, var skutene – også kalla jakter. Dei var mindre enn jektene – berre 18 alner, men var djupe og breie og kunne bere mykje last. Skutene var utstyrte med bomsegl og hadde eit mannskap på to mann. Ofte vart skutene sigla med last til Bergen før dei vart selde til strilar eller bergenskjøpmenn som nytta dei som føringsbåtar på hamna.

Nordfjordjekta Haabet var eigd av Ola M. Hestenes frå Hestenesøyra. På dette biletet ligg jekta utanfor Sandane.

Nordfjordjekta Haabet var eigd av Ola M. Hestenes frå Hestenesøyra. På dette biletet ligg jekta utanfor Sandane.

Segla var laga av ull eller kvit vadmål og sett saman av fleire bitar. Framme i Bergen vart tråkletråden i segla dregen ut, og dei einskilde bitane selde i stuar for bruk til klede.

Mannskapet som selde skuta, fekk ”haik” heim att til Nordfjord med jektene. Dersom skuta vart seld til førsleskute kring byhamna, tok seljarane ofte med seg ror, mast og årar heimatt for å kunne nytte det på ei ny skute som ein gong seinare skulle same vegen til kjøparar i by’n. Skutebygginga i Gloppen heldt seg til fram på 1870-talet.

Tidlegare Austrheim Båtbyggeri, no Sandane Trelast og Byggevarer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Austrheim Båtbyggeri, no Sandane Trelast og Byggevarer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fiskebåtar

Dei fleste båtbyggjarane på 1800-talet fann ein på Sørstranda, men både der og på Austrheim har båtbyggjartradisjonane vorte haldne i hevd til denne tid. To av dei største båtbyggeria på 1950-1960-talet var Sande Båtbyggjeri på Rygg og Austrheim Båtbyggeri på Austrheim. Det sistnemnde bygde på 1960-talet fiskebåtar opptil 100 fot.

Les også om Brødrene Aa i Hyen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.08.2012