Hopp til innhold
X
Innhald

Benedikte Indrebø

Benedikte Indrebø fødd 1965 i Breim, busett i Oslo. Friidrettsutøvar og sprinter.

Benedikte Indrebø fødd 1965 i Breim, busett i Oslo. Friidrettsutøvar og sprinter.

Som medlem av Breimsbygda Fridrettslag vart ho juniormeister på 100 meter i NM i 1982, og dobbelt Noregsmeister i junior–NM i 1983 på 100 og 200 meter.

Ho tok dessutan sølvmedalje i senior–NM i 1983 ved å setje norsk juniorrekord på 100 meter med 11,76.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.09.2009