Hopp til innhold
X
Innhald

Bergheimsluken

Bergheimsluken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bergheimsluken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bergheimsluken er kjend som ein av dei beste slukane for laksefiske. Sluken vart forma og sett i produksjon på 1930-talet av Anders N. Bergheim på Byrkjelo.

Forma som sild

Bergheimsluken er forma som ei lita sild og hadde tre-krokar både i enden og på sidene. Sluken var antan heilt kopar- eller sølvfarga eller med sølv og raudt. Anders Bergheim dreiv produksjon av sluken fram til han døydde i 1986. Laksefiskaren Bjarne Huseklepp frå Leirvik har ført tradisjonen vidare, og produserer kring 500 Bergheimslukar i året.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2009