Hopp til innhold
X
Innhald

Bolseth Glass AS

Bolseth Glass i 2012. Foto: Nils Landa, Bolseth Glass.

Bolseth Glass i 2012. Foto: Nils Landa, Bolseth Glass.

Bolseth Glass AS vart grunnlagt på Sandane i 1961 av Magnus Bolseth frå Jølster. Han overtok då ein mindre glasverkstad.

I 1981 flytta bedrifta inn i nye produksjonslokale på 3500 kvm på Kleivedammen. Verksemda har hatt fleire store oppdrag til nasjonale bygg som OL-bygningar på Lillehammer, flyplassen på Gardermoen og Ullevaal Stadion, og har også hatt byggeoppdrag i andre skandinaviske land.

Bolseth Glass har montasjeavdelingar i Oslo og Bergen. Verksemda sysselset i 2014 kring 70 tilsette, av desse halvparten på Sandane, og hadde ei årsomsetning på 116 millionar kroner i 2010.

Magnus Bolseth selde i 2010 aksjane sine i Bolseth Glass AS til dei tre sønene sine, Geir Atle, Morten og Jan Helge Bolseth.

I 2014 tok verksemda i bruk eit tilbygg på 1400 kvadratmeter og investerte til saman 15 millionar kroner i tilbygget og i nytt produksjonsutstyr.

Bolseth Glass slik verksemda såg ut i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bolseth Glass slik verksemda såg ut i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.04.2014