Hopp til innhold
X
Innhald

Chornelius Kristianson Eikenæs

Chornelius Kristianson Eikenæs (1838–1922) frå Hestenesøyra. Bonde, som var den første som starta messingstøyperi i bygda.

Han kjøpte skrapmessing i Bergen og Ålesund, og reiste sjølv som skreppekar og selde produkta. Slekta bygde etterkvart opp to messingstøyperi i bygda (sjå Messingindustrien på Hestenesøyra).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011