Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Simonsen Aa (Ausevik)

(1778–1863) frå Hyen. Lærar og lekpredikant.

Svanøy, Vevring og Naustdal var eit kjerneområde for haugianarane kring lekpredikanten Hans Nielsen Hauge. Også i Hyen og Nessane stod rørsla sterkt.

Hauge vitja desse bygdene minst tre gonger, og Christian Simonsen Aa vart den første nordfjordingen som vart reisepredikant for rørsla. Han fekk tilnamnet Nordfjord-haugianaren. Han var lærar i Hyen, men vart seinare gardsdreng hjå haugianarleiaren Peder Steinhovden i Høydalsfjorden i Sunnfjord, og arbeidde som lærar i Kinn prestegjeld. Etter råd frå Hans Nielsen Hauge gifta Aa seg med enkja Øllegaard Ausevik, som hadde gard, og tok slektsnamnet Ausevik.

Han vart kjend med Hans Nielsen Hauge og reiste frå 1799 mykje saman med Hauge i bygdene i Sunnfjord og Nordfjord. Kristian Simensen Aa var truleg den første lekpredikanten i Nordfjord. Etter råd frå Hauge, gifta han seg med enkja Øllegaard Ausevik og busette seg i Ausevika i Høydalane i Flora kommune. Her vart han i 1816 skulehaldar. Han testamenterte ei gåve på 200 riksdalar til Det Norske Misjonsselskap.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.03.2008