Hopp til innhold
X
Innhald

Dagfinn Huus

Mardal Rør held i dag til i bygget i Bukta som tidlegare husa entreprenørforretninga til Dagfinn Huus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mardal Rør held i dag til i bygget i Bukta som tidlegare husa entreprenørforretninga til Dagfinn Huus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dagfinn Huus starta som maskinentreprenør på Sandane i 1959. I 1966 bygde firmaet eit stort servicebygg i Bukta. Huus dreiv stort i vegbygging og opparbeiding av bustadfelt og hadde på det meste 28 tilsette. Han la ned drifta i 1985.

Bygget i Bukta er i dag nytta av Mardal Rør AS som vart starta i 1970 av Ola Johannes Mardal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2009