Hopp til innhold
X
Innhald

Den Trondhjemske Postvei i Gloppen

Dette måleriet av Julius Holck har truleg motiv frå Utvikfjellet mot Breim. Her gjekk postvegen. © Blomquist Kunsthandel.

Dette måleriet av Julius Holck har truleg motiv frå Utvikfjellet mot Breim. Her gjekk postvegen. © Blomquist Kunsthandel.

Den trondhjemske Postvei vart bygd gjennom Sogn og Fjordane frå 1780 og til 1806 etter ein plan som vart utarbeidd av vegløytnant Christian Junghans og postkanselliråd Jens Schanche i 1775. Postruta Bergen-Trondheim vart opna som landpostrute i 1785, med postføring ein gong i veka, og med sju postopneri frå starten. Postopnarane hadde hovudansvaret for postomdelinga innan sine ruteavsnitt. Mellom postopneria låg det såkalla postgardar som hadde ei meir underordna rolle. Mykje av postvegen vart bygd som ein brukbar køyreveg for hest og kjerre. Arbeidet med bygging og vedlikehald vart utført som uløna pliktarbeid av bønder og husmenn. Kvart arbeidslag fekk tildelt ansvaret for eit visst vegstykke – rode – som var merka med rodesteinar i kvar ende.

Henrik Ibsen er mellom dei som har teke turen på postvegen gjennom Breim, og vi ser at den store forfattaren slett ikkje var utan talent som teiknar.

Henrik Ibsen er mellom dei som har teke turen på postvegen gjennom Breim, og vi ser at den store forfattaren slett ikkje var utan talent som teiknar.

Postveg frå 1795

I Breim og gjennom indre Nordfjord vart postvegen teken i bruk i 1795. Ruta sørfrå kom med robåt over Jølstravatnet til Skei (sjå Den trondhjemske Postvei i Jølster), derifrå til Førde i sørenden av Breimsvatnet. På Breimsvatnet var det brukt robåt til Reed. Frå Reed gjekk postvegen til Flølo der den stakk til fjells og over til Utvik, der skyssen over fjorden gjekk til Faleide. På Reed var det skysskifte og gjestgiveri. Seinare kom det to hotell på Rebakken som ei tid hadde kvar sin dampbåt i tevling om dei reisande på Breimsvatnet. Ein av dei som reiste på Den trondhjemske Postvei gjennom Brei, var diktaren Henrik Ibsen. Han var eit dugande teiknar, og laga fleire skisser undervegs.

Reed med Breimskyrkja og fjellet Skjorta på andre sida av Breimsvatnet, måla av Niels Bjørnsen Møller. Tittelen på måleriet er ”Kirkested i Vestlandsfjord”. © Grev Wedels Plass Auksjoner.

Reed med Breimskyrkja og fjellet Skjorta på andre sida av Breimsvatnet, måla av Niels Bjørnsen Møller. Tittelen på måleriet er ”Kirkested i Vestlandsfjord”. © Grev Wedels Plass Auksjoner.

Krav om ny veg

Føremålet med Den trondhjemske Postvei var først og fremst å få posten raskt fram til militære og anna embetsverk i bygdene i landsdelen. Men det skulle raskt vise seg at postruta gjennom Fjordane og Sunnmøre ikkje samsvara heilt med det lokale behovet: I Nordfjord og på indre Sunnmøre sat t.d. sorenskrivarane høvesvis på Løkja i Eid og i Volda, og militærvesenet hadde hovudkvarteret sitt på Nordfjordeid. Dette var grunnen til at det i 1826 vart opna ei ny postrute frå Rebakken til Løkja og vidare til Volda på ei ny veg gjenom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen. Frå Ryssfjøra vart posten skyssa i to retningar: Vestover til Hunvik for vidare transport over Hunvikskaret til Løkja i Eid og vidare til Volda, og austover vart den rodd frå Ryssfjøra til Utvik. I 1829 tok folk i Gloppen opp spørsmålet om omlegging av postvegen sørover: Dei kravde veg gjennom Våtedalen til avløysing for båtskyssen på Breimsvatnet. Vinterstid kunne dessutan meinis gjere det utrygt og vanskeleg å ferdast på vatnet. Les meir om dette i arikkelen Veg gjennom Våtedalen.

Før det kom veg gjennom Våtedalen vart posten frakta med båt på Breimsvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Før det kom veg gjennom Våtedalen vart posten frakta med båt på Breimsvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.01.2011