Hopp til innhold
X
Innhald

Driftevegar i Gloppen

Ryssfjøra, der krøterdriftene kom i land etter båtturen over fjorden frå Lote. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ryssfjøra, der krøterdriftene kom i land etter båtturen over fjorden frå Lote. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein del av krøterdriftene tok vegen om Breim og Våtedalen. På denne teikninga frå ei utanlandsk reiseskildring ser vi Bergheimsvatnet og Eggenipa som kneisar over Våtedalen.

Ein del av krøterdriftene tok vegen om Breim og Våtedalen. På denne teikninga frå ei utanlandsk reiseskildring ser vi Bergheimsvatnet og Eggenipa som kneisar over Våtedalen.

Dei eldste driftevegane for fédriftene mot Sogn gjekk frå gamalt frå Eid og over Lotsskaret til Lote. Til Hyen vart krøterdriftene frakta i jekter eller ”storebåt” – d.v.s. store robåtar som m.a. elles vart brukte til fiske og transport av høy frå utslåtter langs fjorden. Frå Hyen gjekk drifteruta over Gjengedalsmarka til Instedalen i Naustdal og sørover mot Sogn over Trodalen til Angedalen i Førde. Frå Førde gjekk driftevegen over Sunde mot Viksdalen og derfrå over Sværeskaret og ned til Sværefjorden i Sogn.

Ein annan drifteveg som vart mykje nytta etter at vegen gjennom Våtedalen kom i 1889, var frå Ryssfjøra nord for Vereide og innover fjella mot Breim. Derifrå gjekk fédriftene gjennom Våtedalen mot Skei i Jølster, med robåt over Kjøsnesfjorden til Sunde og vidare sørover mot Gaularfjellet og Sogn. Dyra vart drivne til Austlandet, der dei vart selde til slakt. Féhandelen mot Austlandet tok seg sterkt opp på slutten av 1700-talet og vart driven på tradisjonelt vis til kring 1. verdskrig.

Dei fleste féhandlarane som kjøpte fé i Nordfjord og på Sunnmøre, kom frå indre Sogn. Men også ein og annan nordfjording – også folk frå Gloppen - slo seg på féhandel, gjerne kombinert med hestehandel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.01.2011