Hopp til innhold
X
Innhald

Edvard Solheim

Edvard Solheim. Foto: Einar Svartefoss

Edvard Solheim. Foto: Einar Svartefoss

Edvard Solheim (1891-1989), frå Sandane. Bilmekanikar og Arbeidarparti-politikar. Tok sertifikat 1916, og var sjåfør på ruta Oppstryn-Geiranger-Otta i 1917. Tok i 1918 over vognverkstaden til faren på Sandane, og var den første som bygde bussar i Sogn og Fjordane - «Bussfabrikken på Sandane».

Var sjef for bilreparasjonen i Firda Billag 1921-1958. Sat i kommunestyre og formannskap, og var medlem av Kringkastingsrådet 1949-1959. Vararepr. til Stortinget 1934-1961, og møtte fleire gonger. 1956-57 fast representant etter at repr. Ivar Jacobson Norevik frå Høyanger døydde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2008