Hopp til innhold
X
Innhald

Elias Ødven

I mange år var postkontoret på Sandane i dette huset som Elias Ødven bygde, og der det og var bakeri og butikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I mange år var postkontoret på Sandane i dette huset som Elias Ødven bygde, og der det og var bakeri og butikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Elias Ødven dreiv frå ca. 1905 eit bakeri på Sandane som han overtok etter faren Anders A. Ødven. Den tidlegare jekteskipperen Anders (1834-1931) var gjestgjevar og hadde vorte postopnar i bygda i 1871. Han var også dampskipsekspeditør.

– Les meir om Anders A. Ødven og hans etterkomarar på dampskipskaia på Sandane under Sivert Sivertsen.

Elias Ødven tok over som poststyrar etter faren i 1900. Eit par tiår seinare vann Elias ein stor pengepremie i eit lotteri og bygde seg eige forretningsbygg i Sandane sentrum. I dette bygget hadde han både postkontor, bakeri og daglegvarehandel.

Sonen Ragnar Ødven (1911-1989) tok over som poststyrar i 1939. Ragnar var ein aktiv fagforeningsmann som m.a. var leiar i Poståpnernes Landsforbund frå 1965 til 1977. Knut Ødven, som var halvbror til Ragnar, tok over butikken og bakeriet på Sandane.

Sonen til Knut, Erling Ødven, tok seinare over butikken i bakeriet, men vart sjuk i ung alder. Ektemaken Agnethe måtte då leige den ut ei tid før ho tok tilbake drifta sjølv.

Daglegvarebutikken vart flytta til Skarsteinsbygget ved Nordstrandsvegen. Då Ødven la ned sitt eige bakeri leigde firmaet ei tid bakeriet til Olav L. Henden før det også vart lagt ned i 1979. Daglegvarebutikken vart overteken av andre eigarar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2009