Hopp til innhold
X
Innhald

Elin Isane

Elin Isane på Florø Stadion. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Elin Isane på Florø Stadion. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Elin Isane fødd 1975 på Sandane, busett i Oslo. Friidrettskvinne med fleire nasjonale topp-plasseringar i diskos og kule.

Ho fekk niandeplass i EM U22 i Finland 1997. Ho vart noregsmeister i kulestøyt utandørs i 1997, og innandørs 2004 og 2005.

Ho har teke NM-sølv i diskos 1995, 1996, 1998, 2001, 2002, 2003, 2004, 2005, 2010, 2012, 2013 og 2014. NM-sølv i kulestøt 2001, 2002 og 2005. NM-bronse i diskos 1997, 1999, 2000, 2007, 2008 og 2009. NM-bronse i kulestøt 1999, 2000, 2003, 2004,2011 og 2014. Etter NM i 2014 har ho teke til saman 27 NM-medaljar i friidrett.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015