Hopp til innhold
X
Innhald

Even Hole

Dreiv i mange år etter at han la opp som aktiv som landslagstrenar for kvinnelaget i alpint.

Even Hole fødd 1958 på Byrkjelo. Ein av dei leiande alpinistane i Noreg på 1980-talet, og utforspesialist. Tok fem NM-titlar i utfor. I World Cup tok Hole 3. plass i kombinasjonen utfor/slalåm sesongen 1979-1980.

Dreiv i mange år etter at han la opp som aktiv som landslagstrenar for kvinnelaget i alpint.

Var trenar for kvinnelandslaget då Astrid Lødemel frå Voss tok sølv i utfor og bronse i super-G i VM i Morioka i Japan i 1993.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.02.2013