Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på fjorden i Gloppen

DS ”Kommandøren” ved kai på Sandane rundt 1900. Foto: A.B. Wilse.

DS ”Kommandøren” ved kai på Sandane rundt 1900. Foto: A.B. Wilse.

Heilt frå Fylkesbaatane – Amtsbaatane – starta nordfjordrutene sine i 1859 vart Sandane eitt av dei viktigaste knutepunkta for samferdsla. På Sandane enda nemleg den populære turistruta Vadheim-Førde-Sandane.

Isvanskar

Fjordisen kunne i eldre tider skape store vanskar for rutebåtane i Nordfjord. Dei store ferskvassmengdene frå elvane har gjort at Gloppefjorden og Hyefjorden har vore utsett. I kalde vintrar hende det at fylkesbåten måtte ekspederast ved iskanten ute i fjorden. Det vert fortalt at fjordisen kunne leggje seg heilt ut til Mettenes i hovudløpet på Nordfjorden.

Gloppefjorden var ofte tilfrosen om vinteren, til glede for mange, men det skapte vanskar for Fylkesbaatane. Huset med tårn er Hotel Gloppen, t.v Klakegghuset (tidl. Gloppens og Bredheims Handelsforening), til høgre huset til kjøpmann Skarstein. Foto frå ”Soga om Gloppen og Breim”.

Sandane

kom med på rutenettet til Fylkesbaatane alt i 1859 som var det første driftsåret for rutene Nordfjord-Bergen. Den første dampskipsekspeditøren på Sandane var landhandlar og postopnar H.B. Juell. Dei første åra, før kaia vart bygd på nordsida av bukta, vart ruteskipa ekspederte frå bordingsbåt som rodde ut frå Sandefjæra.

På dette biletet frå 1947 ligg DS ”Firda” ved Ødvenkaia med MS ”Florøy” på utsida. Foto: Reidar Årdal. Vi ser ekspedisjonsbygget i betong, reist i 1937.

På dette biletet frå 1947 ligg DS ”Firda” ved Ødvenkaia med MS ”Florøy” på utsida. Foto: Reidar Årdal. Vi ser ekspedisjonsbygget i betong, reist i 1937.

I 1871 overtok Anders A. Ødven både kaidrifta, posten og handelen, og sidan vart det Ødven-folket som var kaiekspeditørar så lenge Fylkesbaatane hadde faste ruter på Sandane. Ødven bygde nytt og stort pakkhus på kaia si i 1898. I 1937 fekk kaia på Sandane pakkhus i betong som lenge skulle vere det største ekspedisjonsbygget i fylket.

Hestenesøyra på 1890-talet.

Hestenesøyra på 1890-talet.

Hestenesøyra

fekk rutestopp i 1859, og faste stopp frå 1862. Landhandlar og gjestgjevar Ivar Øvregaard frå Lærdal vart ekspeditør på Hestenesøyra frå 1866.

Kaia på Vereide ligg til venstre for kyrkja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kaia på Vereide ligg til venstre for kyrkja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vereide

fekk rutestopp i 1859. At den vesle bygda kom inn i rutelistene så tidleg har nok samanheng med at sokneprest Jørgen Meier Heffermehl var medlem av direksjonen (styret) i amtsbåtane. Soknepresten budde på Vereide og var dessutan postopnar. Vereide fekk første dampbåtkaia i 1925. Fram til då hadde rutebåtane blitt borda ute på fjorden.

Ryssfjøra sett frå Panoramavegen mellom Hennebygda og Hopland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ryssfjøra sett frå Panoramavegen mellom Hennebygda og Hopland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ryssfjøra

fekk fast rutestopp av Fylkesbaatane frå 1862.

Hyen

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1875, men dei første åra berre annankvar veke. Heilt fram til 1918 hadde Hyen berre eitt anløp i veka. I 1917 tok handelsmann Ole J. Rønnekleiv (sjå artikkelen: Forretningsfamilien Rønnekleiv) over som ekspeditør i Hyen.

Kaia på Ryggøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kaia på Ryggøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rygg

på Sørstranda fekk rutestopp frå Fylkesbaatane i 1888. Den første trekaia vart ofte skada av isgang, men det vart betre då det vart bygd steinkai på Ryggøyra i 1920.

Hyen Motorbåtlag

vart skipa i 1911 og kjøpte inn båtane ”Trygg” og ”Hyefjord” som vart brukt til lokal personskyssing frå Hyen og elles i Nordfjorden.

”Nesjar” og Hestenesøyra

I 1922 skipa 12 personar på Hestenesøyra eit aksjelag og kjøpte ein hurtiggåande skyssbåt som dei døypte om til ”Nesjar”.

Ferjakaia på Anda i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjakaia på Anda i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjesambandet Anda-Lote

vart opna i 1968, etter at Lotetunnelen mellom Nordfjordeid og Lote var opna for trafikk i 1966. Før denne tunnelen kom på tale var det planar om ferje mellom Hestenesøyra og Hunvik, men i 1966 vedtok Stortinget at det skulle byggjast ferjeleie på Anda. I 2010 frakta ferja på Anda-Lote nesten 800.000 bilar. I 2011 starta arbeidet med å byggje nytt ferjeleie på Anda. Den nye ferjekaia vart teken i bruk 31. oktober 2012. I 2014 vart det avgjort at ferjesambandet seinast frå 2017 skal få avgangar kvart 20. minutt.

Frå opninga av den nye ferjekaia på Anda. Foto: Statens vegvesen.

Frå opninga av den nye ferjekaia på Anda. Foto: Statens vegvesen.

Ferje til Hyen

fekk ferjesamband til Lote og Anda i 1969. Dette sambandet fall bort då vegen Hyen-Hestenesøyra vart opna i 1989.

Ferjelemmen i Hyen vart arbeidsledig i 1989. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjelemmen i Hyen vart arbeidsledig i 1989. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 16.06.2015