Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på fjorden

Sandane. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK

Sandane. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK

Sandane

kom med på rutenettet til Fylkesbaatane alt i 1859, som var det første driftsåret for rutene Nordfjord-Bergen. Den første dampskipsekspeditøren på Sandane var landhandlar og postopnar H.B. Juell. Dei første åra, før kaia vart bygd på nordsida av bukta, vart ruteskipa ekspederte frå bordingsbåt som rodde ut frå Sandefjæra. I 1871 overtok Anders A. Ødven både kaidrifta, posten og handelen, og sidan vart det Ødven-folket som var kaiekspeditørar så lenge Fylkesbaatane hadde faste ruter på Sandane. Ødven bygde nytt og stort pakkhus på kaia si i 1898. I 1937 fekk kaia på Sandane pakkhus i betong som lenge skulle vere det største ekspedisjonsbygget i fylket.

Hestenesøyra

fekk rutestopp i 1859 og faste stopp frå 1862. Landhandlar og gjestgjevar Ivar Øvregaard frå Lærdal vart ekspeditør på Hestenesøyra frå 1866.

Vereide

fekk rutestopp i 1859. At den vesle bygda kom inn på rutelistene så tidleg har nok samanheng med at sokneprest Jørgen Meier Heffermehl var medlem av direksjonen (styret) i amtsbåtane. Soknepresten budde på Vereide. Vereide fekk første dampbåtkaia i 1925.

Ryssfjøra

fekk fast rutestopp av Fylkesbatatane frå 1862.

Hyefjorden og Hestenesøyra sett frå Lote. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK

Hyefjorden og Hestenesøyra sett frå Lote. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK

Hyen

fekk rutestopp frå Fylkesbaatane frå 1875, men dei første åra berre annankvar veke. Heilt fram til 1918 hadde Hyen berre eitt anløp i veka. I 1917 tok handelsmann Ole J. Rønnekleiv (sjå artikkelen Forretningsfamilien Rønnekleiv) over som ekspeditør i Hyen.

Rygg

på Sørstranda fekk rutestopp frå Fylkesbaatane i 1888. Den første trekaia vart ofte skada av isgang, men det vart betre då det vart bygd steinkai på Ryggøyra i 1920.

Hyen Motorbåtlag

vart skipa i 1911 og kjøpte inn båtane ”Trygg” og ”Hyefjord” som vart brukte til lokal personskyssing frå Hyen og elles i Nordfjorden.

Hyen

fekk ferjesamband til Lote og Anda i 1969. Dette sambandet fall bort då vegen Hyen-Hestenesøyra vart opna i 1989.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2007