Hopp til innhold
X
Innhald

Firdakraft

Firdakraftbygget i Sandane sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Firdakraftbygget i Sandane sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Firdakraft vart skipa som interkommunalt selskap i 1947 og femna om Gloppen, Stryn, Hornindal, Eid og Stranda på Sunnmøre.

Etter havariet av Ålfot-selskapet på 1920-talet (sjå Ålfotsaka), sat fylkeskommunen med fallrettane til Øksenelevane og Åskora-vassdraget i Ålfoten.

Firdakraft leigde fallrettane i Øksenelvane for 50 år, og bygde ut kraftverket som vart sett i drift i 1954. Firdakraft vart kjøpt opp av Sogn og Fjordane Energi AS i 1999.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2011