Hopp til innhold
X
Innhald

Fjord-Pels

A/S Fjord-Pels vart starta 1973 etter initiativ frå dåverande disponent i Gloppen Pelsdyrforlag, Kristoffer Rygg.

A/S Fjord-Pels vart starta 1973 etter initiativ frå dåverande disponent i Gloppen Pelsdyrforlag, Kristoffer Rygg.

Forretningsidèen var at pelsdyr-bygda Gloppen også skulle framstille ferdigprodukta, og ikkje berre levere skinn til pelsvareindustrien i utlandet. Fjord-Pels leigde lokale i S. Sandal sin tidlegare konfeksjonsfabrikk, og hadde ei tid 35 tilsette. Dei sydde både luksuriøse pelskåper og mindre skinnartiklar med pelsbesetning. Sviktande marknad og hard konkurranse gjorde at verksemda gjekk konkurs i 1983.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.06.2008