Hopp til innhold
X
Innhald

Folk frå Gloppen i tysk fangenskap

Tre lærarar frå Firda Gymnas som vart sende til Kirkenes, fotograferte før avreisa frå Sandane. Frå v. Paul Christian Egede-Nissen, Nils Hellesnes og Ole Bernhard Sortevik. Foto: Lyslo.

Tre lærarar frå Firda Gymnas som vart sende til Kirkenes, fotograferte før avreisa frå Sandane. Frå v. Paul Christian Egede-Nissen, Nils Hellesnes og Ole Bernhard Sortevik. Foto: Lyslo.

Folk frå Gloppen i tysk fangenskap under andre verdskrigen:

  • Ragnvald Søreide fødd 1894, boktrykkar. Arrestert 8.07.1941, overført Bergen, overført Tyskland. Andre opplysningar manglar.
  • Olav K. Henden fødd 1898, kjøpmann. Arrestert 14.02.1945, overført Bergen 10.03.1945, Espeland 22.03.1945. Andre opplysningar manglar.
  • Anna Skauge fødd 1898. Arrestert 19.11.1941, overført Bergen, sett fri 29.11.1941.
  • Paul Christian Egede-Nissen fødd 1899, lektor. Arrestert 9.09.1943, overført Grini 30.03.1942, overført Jørstadmoen 31.02.1942, overført Kirkenes, sett fri 20.11.1942.
  • Abraham Vereide fødd 1900, gardbrukar. Arrestert 5.10.1944, overført Vollan, sett fri 18.10.1944.
  • Jon Skinlo fødd 1902. Arrestert 11.09.1944, overført Espeland 12.09.1944. Andre opplysningar manglar.
  • Ragnvald Hauge fødd 1902, elektrikar. Arrestert og overført Bergen 25.11.1944, Espeland 13.12.1944. Andre opplysningar manglar
  • Nils Hellesnes fødd 1902, lektor. Arrestert 20.03.1942, overført Grini, Jørstadmoen, Kirkenes, sett fri 20.11.1942.
  • Dagfinn Aardal fødd 1903, gardbrukar og offiser. Arrestert 19.11.1944, overført Bergen, Grini 21.02.1945, sat der til freden.
  • Kristen Djupegot fødd 1911. Arrestert 11.09.1944, overført Espeland, overført Grini 12.09.1944. Fleire opplysningar manglar.
  • Gudmund Søreide fødd 1911, skifabrikant. Arrestert 29.11.1944, overført Espeland 1.12.1944, sat der til freden.
  • Audun Øydvin fødd 1911, oppsynsmann. Arrestert 12.06.1943, overført Grini, overført Rendsburg 20.11.1943, overført Griebo, Coswig, sat der til freden.
  • Maria Vereide fødd 1913, misjonær. Arrestert 8.12.1941, overført Laohokow i Kina. Døydde 5.10.1944.
  • Jon Flølo fødd 1915, politikonstabel. Arrestert 9.09.1943, overført Bergen, Espeland 14.09.1943. Andre opplysningar manglar.
  • Erling Skrivervik fødd 1917. Arrestert 11.11.1944, overført Espeland, sett fri 20.04.1945.
  • Torleiv Høgestøl Tobiassen fødd 1918. Arresteert 24.02.1942, overført Bredtveit 5.03.1942, Møllergata 19, Grini 22.05.1942, sett fri 2.02.1944.
  • Olav Bøyum fødd 1920, student. Arrestert 30.11.1943, overført Stavern, overført Sennheim 9.12.1943, overført Buchenwald, sat der til freden.
  • Hans Kristiansen fødd 1920, messegut. Arrestert 29.09.1940, overført «Thor», «Belgrano», overført Bordeaux 13.12.1940, overført Marlag und Milag, overført Oslo, sett fri 5.05.1941.
  • Carl Monsen fødd 1921, landarbeidar. Arrestert 7.11.1944, overførtBergen, sett fri 14.11.1944.
  • Dag Fosstvedt fødd 1927, gymnasiast. Arrestert 11.11.1944, overført Bergen, Espeland, Grini 21.02.1945, sat der til freden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.01.2011