Hopp til innhold
X
Innhald

Frikyrkjer

Sion Sandane.

Sion Sandane.

Pinsemenigheta Sion Sandane

Pinsemenigheta på Sandane vart skipa i 1974. Kyrkjelyden har eige hus, Sion, i Mona på Sandane. I 2007 endra kyrkjelyden namn til Pinsemenigheta Sion Sandane.

Fellesskapskyrkja Sandane

Sandane frikyrkje vart skipa i 1997. I 2003 vart frikyrkja skipa som Fellesskapskyrkja Sandane. Kyrkjelyden er knytt til Doulos-nettverket og har tilsett eigen pastor og ungdomsarbeidar. Fellesskapskyrkja leiger forsamlingslokale i pinsevenene sitt forsamlingslokale Sion i Mona, og har felles gudsteneste med pinsevenene ein gong i månaden.

Sandane frikyrkje

– sjå Fellesskapskyrkja Sandane.

Sogn Fjordane Kristne senter

på Sandane vart skipa på 1980-talet etter opptak av Ola Fuglestrand. Dette er ei karismatisk rørsle, og menigheta på Sandane har medlemer frå heile fylke. Senteret heiter no Sogn og Fjordane Bibelsenter.

Sogn og Fjordane Bibelsenter

– sjå Sogn og Fjordane Kristne senter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2009