Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgiveri og handel på Sandane

Sandane med Sivertsens Hotell t.v. rundt 1895. Foto: K. Knudsen.

Sandane med Sivertsens Hotell t.v. rundt 1895. Foto: K. Knudsen.

Kristen Reinholdtssen Vibdorph fekk i 1715 kongebrev til å drive gjestgiveri på Sandane. Men då var det alt starta tilsvarande verksemd ved Vereide og på Hestenesøyra. Grunnen til at Sandane kom seinare inn enn Vereide og Hestenesøyra var at på Vereide låg hovudkyrkja, og Hestenesøyra låg lagleg til ved utløpet av Hyefjorden slik at folk både frå Hyen og i dei andre grendene langs midtre Nordfjord kunne handle der.

Etter Kristen Reinholdtssen Vibdorph tok Peder Baltsersen Wittrup over som gjestgjevar både på Sandane og på Reed i 1723.

Men på storgarden Evebø budde major Gabriel Linde. Han hadde fått svigersonen Christian Bugge med heile familien i huset etter at Bugge hadde vorte avsett frå det militære. For å spe på inntekta let det til at Bugge prøvde seg med litt tuskhandel med brennevin og øl, noko som ein måtte ha kongeleg løyve til. Dette arga Wittrup mykje, og han stemna Bugge for retten.

Men Bugge vann likevel saka mot Wittrup, og han fekk også løyve til å drive handel på Sandane i 1747. Seinare kom gjestgiveriet med skjenkestova på Sandane i eiga til sokneprest Johan W. Heiberg, og deretter til den kjende presten og politikaren Jørgen Meier Heffermehl. Det var frå dette gjestgiveriet at Sivertsens Hotell på Sandane utvikla seg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2009