Hopp til innhold
X
Innhald

Gloppen Friidrettslag - GFIL

To fine representantar for Gloppen Friidrettslag, Trude Raad, som har teke ei lang rekkje NM-medaljar på seniornivå i kastøvingar, og Jens Christian Andennæs, som er ein lovande høgdehoppar.

To fine representantar for Gloppen Friidrettslag, Trude Raad, som har teke ei lang rekkje NM-medaljar på seniornivå i kastøvingar, og Jens Christian Andennæs, som er ein lovande høgdehoppar.

Kristin Roset. Foto: Firda Tidend.

Kristin Roset. Foto: Firda Tidend.

Gloppen Friidrettslag - GFIL vart skipa i 1990 som ei overbygning for friidretten i laga STIL, Fjellhug/Vereide, Breimsbygda, Brodd og Hyen.
Målet var å gje friidretten i kommunen betre vilkår.

Ein suksess

Skipinga av GFIL vart ein suksess: På 1990-talet tok utøvarar frå GFIL i alt 89 medaljar i norske junior- og seniormeisterskap: 24 gull, 31 sølv og 34 bronse. Frå 1990 til 1999 stod GFIL som arrangør av dei store friidrettsamlingane Norsk Idrettsveke på Byrkjelo. Gjennom Gloppen-alliansen har GFIL vore med på å arrangere NM i kappgang på Sandane i 2010 og 2012.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.06.2012