Hopp til innhold
X
Innhald

Gloppen Handelslag

Gloppen Handelslag bygde dette varehuset i 1987. No er det ein del av Coop Vest AB. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Handelslag bygde dette varehuset i 1987. No er det ein del av Coop Vest AB. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Handelslag, handelslaget på Sandane vart grunnlagt i 1921, men hadde ein forløpar i Gloppen og Breim handelslag som vart skipa på Sandane i 1891, men som gjekk konkurs i 1899.

Gloppen Handelslag bygde stort forretningsbygg ved riksvegen i Sandane sentrum i 1929.

I 1987 bygde Gloppen handelslag eit stort Domus Varehus på 1800 kvm, men fekk økonomiske problem, og gjekk i 1989 inn i Førde Samyrkelag som seinare vart omskipa til COOP Sogn og Fjordane og sidan til Coop Vest AB.

På Sandane dreiv dei frå 1996 og ein Coop Prix-butikk i lokala etter Vereide Mat (sjå Albert E. Vereide). Men denne butikken blir lagd ned i 2015. I staden skal Coop byggje om Coop Mega på Sandane til ein Coop Extra-butikk.


Forretningsbygget som Gloppen Handelslag bygde i 1929. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som Gloppen Handelslag bygde i 1929. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015