Hopp til innhold
X
Innhald

Gloppen i oljefeber

Her i Bukta ville utsynet mot fjorden ha vore sperra av svære oljeplattformer dersom kommunepolitikarane i Gloppen hadde fått det som dei ville på 1970-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her i Bukta ville utsynet mot fjorden ha vore sperra av svære oljeplattformer dersom kommunepolitikarane i Gloppen hadde fått det som dei ville på 1970-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Første halvdel av 1970-talet vart det meste av kyst-Noreg råka av oljefeber. Dei enorme oljefunna utanfor Vestlandet skulle ha basar og produksjonsplattformer.

Store entreprenørselskap overbaud kvarandre i kampen om gode lokalitetar der dei kunne byggje oljeplattformer i stål eller betong. Gaupne i Luster kommune var ei bygd som sat att med brotne lovnader frå denne tida. Ei anna var Gloppen.

Betongplattformer i Bukta

I 1974 melde entreprenørselskapet Eeg Henriksen seg interessert i å byggje eit kjempemessig betongplattformverft i Bukta. Her kunne byggjedokk mudrast på den store sandøyra, og god kvalitetssand frå Eide skulle brukast til bygginga. Bygda vart lova minst 500 arbeidsplassar.

Trass mykje skepsis, gjekk likevel eit klårt fleirtal i kommunestyret inn for å oreigne ein stor eigedom i Bukta til verftet, og kommunen regulerte nye bustadfelt like ved. Langs stranda skulle det byggjast djupvasskai. I denne feberheite tida vart alle oljeretta etableringar langs kysten styrt av ein hardhendt lokaliseringspolitikk:

Det enda med at Verdal og Sandnessjøen fekk anlegga for stålkonstruksjonar, og det einaste betongplattformverftet utanom Hinnavågen i Stavanger vart plassert ved Åndalsnes. Der bygde dei to plattformer. Så var det slutt. Sandane fekk ingenting. Kommunen bygde ut det nye bustadfeltet, men veit 25 år etter ikkje heilt kva ein skal nytte den oreigna garden i Bukta til.

Skipsverft eller plattformer?

Midt i forhandlingane med Eeg Henriksen, sette skipsbyggjaren Reidar Klungsøyr frå Sunnmøre glopparane i eit dilemma: Han hadde i 1971 starta Eid Verft ved Nordfjordeid. No baud han seg til å byggje eit liknande verft i Gloppen – under føresetnad av at glopparane sa nei til betongplattformverft. Han hevda at det ikkje var arbeidskraft nok til begge deler i Gloppen. – Gloppen valde betongplattformverft – og fekk korkje betongplattformer eller skipsverftet til Klungsøyr.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2012